Ein del av problemstillinga var å “bevisstgjere innbyggarar på Ulsteinvik sine kvalitetar? Og kva kanalar/flater kan eg etablere/bruke for å oppnå dette?”
Kvalitetar kan bety mykje, derfor var det greit å ha teori og metode å bruke for kartlegging. Som tidlegare nevnt i bloggen, har er brukt inndelingar frå City Design. Inndelingane var Aktørane (innbyggarane, næringsliv, turistar) Byen si scene (byen si sjel og verdiar, byrommet, byen sine tilbod, infrastruktur, dialog, byen sitt omdøme) Iscenesettelse av byen (maktstruktur, strategiske utfordringar, city branding). Dette er sjølvsagt omfattande, men eg har satt fokus på forskjellige punkt der det har våre mest aktuellt ut ifrå mi oppgåve og begrensingar. (Det var også desse tema som undersøkelsen var inndelt i.) Her har eg hatt mest fokus på innbyggarar, byen si sjel og verdiar, byen sine kvalitetar og dialog.
Utifrå undersøkelsen kom det fram at det var få informasjonskanalar om dei tilboda byen har og kva som går føre seg til ei kvar tid. Lokalavisa var den mest brukte i tillegg til “rykte”. Det vart også trekt fram at det var mykje bra kulturelt, men at dette var lite synleg og at folk ikkje “såg” alt arbeidet “bak”, samt alle dei frivillige. Det alle nemnte var særs gode naturforhold, – mykje variasjon og veldig mange tilbod og bruksområder. (fjellkratling, dykking, surfing) Dette gjorde det ganske enkelt for meg å velge å bygge opp flater/kanalar som kan formidle denne type informasjon.
Eg kjem ikkje vekk ifrå å ta ibruk internett som ein del av dette, samtidig som internett åpnar moglegheita for ein større og lettare tilgjengeleg dialog mellom alle partar. I undersøkelsen kom det også fram at trykksaker og noko “handfast” var tiltalande. Dette er eg enige i. Det blir aktualisert på ein annan måte med trykksaker og det er meir tilstede ute i det offentlege, samtidig som det inviterar og gjer seg tilgjengleg på ein anna måte.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar