torsdag 27. november 2008

Lita oppsummering del 2.

“Kan eg gjennom ein visuell profil som er basert på Ulsteinvik sin eigenart, forsterke den lokale identiteten...”
Eit mål med undersøkelsen var å få hjelp til å avdekke Ulsteinvik sin egenart, og kva som var Ulsteinvik sin identitet. Det skulle ikkje bli så umiddelbart lett som eg hadde håpa på, sidan dei fleste påsto at Ulsteinvik var identitetslaust forutan å være kjent for skipsverft og det ein gong kjente fotballlaget Hødd. Det at innbyggarane kalla Ulsteinvik identitetslaus gjer det vansklegare å skulle fastsette ein eigenart og forsterke den lokale identiteten, men gjer det desto viktigare å gjennomføre. Ein identitet må kome naturleg og ikkje virka påtatt eller falsk. Eg vil sei identiteten ligg der men den er ikkje synleg for ulsteinvik som einheit.
Denne identitetskrisa gjer det nødvendig å vise fleire sider av Ulsteinvik, noko som kan være med på å skape/forsterke identiteten, og ha en sunn identitets- og utviklingsprosess. Identitet til ein stad er i kontinuerlig utvikling og må passe på å ikkje bli hengande igjen i ein utdatert og gamal identitet. Utifrå City Design er kultur, kunst og aktivitet noko som er veldig identitetsskapande og inkluderande samtidig som det gir rom for utvikling. Det er også viktig å ha historia med seg. Ulsteinvik har gått gjennom store forandringar, og då også visuelle forandringar, grunna høg byggeaktivitet og rivande utvikling i nyare tid, noko som kanskje distanserar staden frå det opprinnelige opphavet. Det kan spekulerast i at det er denne lite synlige kultur-delen av Ulsteinvik, samt rask utvikling, som gjer at den oppfattast som identiteslaus.
Dette går godt saman med den andre delen av problemstillinga som er posta under her. Det kom fram at der va mykje bra kulturelt, men som ikkje var så synleg.

Ingen kommentarer: