
mandag 23. mars 2009
Tilbake til visuelt
Endeleg har den skriftlige delen kome tilbake frå trykk. No er det nærvepirrande tider fram til printinga om to veker. Har tatt til å jobbe visuelt igjen etter skriving. Fargane blir finare justert etterkvart. (Her på bloggen ser dei ofte feil ut uansett) Sidan eg har posta ei plakatskisse før, legg eg ut utviklinga i den. Ikkje dei store forandringane, anna enn at den er meir detaljert og nøyaktig + har litt meir info. Målet innen fredag er å få dei fire plakatane ferdige.

tirsdag 17. mars 2009
Fargar
Eg har lage ei lita oversik over farger. Kvar årstid har sin eigen farge i tillegg til profilfargen. Desse fargane skal kome i forskjellige valørar. Eg har valt fargane ut i frå assosiasjonar eg har til kvar årstid. Kanskje ein litt "klassisk" idé, men eg ville gi tydlege assosiasjonar til årstid, sidan kvar årstid også skal ha eit tema, og dette temaet vil variere frå år til år (eit tema for kvar årstid). Fargane vil forbli dei same. Dei trengde då ei god forankring i årstida for å gi eit meir stabilt inntrykk.

tirsdag 10. mars 2009
Innspel!
mandag 9. mars 2009
Straks innlevering av skriftlig del
Brått var det berre 8 dagar igjen til det er planlagt å levere den skriftlige delen inn til print. Eg har derfor fokusert på skriving siste dagane. Eg har likevel også skissa litt på plakat. Plakat og webside er to veldig forskjellige format, og det er då ei utfordring å få dei til å utstråle same profil samtidig som dei utfyller kravet til funksjon. Eg jobbar derfor etter enkle prinsipp som ein type "kutting" der elementa førheld seg til ei diagonal linje osv. Eg legg ved her ei enkel skisse over plakat.
Fargane her er HEILT feil gjenngitt. men men...
Fargane her er HEILT feil gjenngitt. men men...

fredag 6. mars 2009
Strukturering av tekst og litt til
Eg har no levert inn strategi/prosjektrapport for gjennomlesing. Eg må nok endå gjer ein del omstrukturering, men eg har gjort store forandringar frå forge utkast. Eg synes eg overforklarar og kanskje ikkje alltid finn dei rette orda. Det er ein ballanse rundt å ikkje repetere seg sjøl samtidig som ein må være tydlig på kva ein refererer til. No har eg iallfall "skrive meg ut" og forhåpentleg vil eg få tilbakemelding på korleis eg kan strukturere det betre. I helga blir der meir fokus på det visuelle og web. Etter veiledning angåande web, som eg hadde onsdag, skal eg no bland anna jobbe med å lage layouten mindre luftig.
torsdag 5. mars 2009
Strategi og prosjektrapport
Eg fekk denne veka tilbakemelding på designstrategi og hovedsaklig posjektrapport (prosess). Her var ein del som kunne rettast på, og eg hadde skrive mykje i designstrategien som skulle gå innunder prosjektrapporten. Eg jobbar no med dette, og "strevar" mest me korleis eg skal strukturere rapporten. Eg skal skrive om utvikling av flatene og den visuelle profilen og eg er usikker på kva som skal kome først. I problemstillinga nevnet eg flater til slutt, i måla for prosjektet nevner eg også visuell profil før flatene.. og derfor er det ein ide å starte med den visuelle profilen og etterpå snakke om flatene. Men når eg skrive dette føles det litt bakvendt, sida eg faktisk starta prosessen med å finne flater å jobbe på. Eg jobba ut forslag på flater først, slik eg hadde fastare rammer for skissing og utprøving i forhold til den visuelle profilen. På den måten er det prosessmessig lettast å snakke om flatene først. Desse prosessane har etterkvart våre paralelle prosessar men eg ser det som fordel å skilje dei for å lage prosessen meir oversiktig for lesaren. Er det nokon som har forslag til dette?
onsdag 4. mars 2009
Web
Det verktøyet eg beherskar best er InDesign, deretter Illustrator og til slutt Photoshop. Eg har derfor skisse til web i InDesign. InDesign gjer at eg effektivt kan få det resultatet eg vil og eg har tilgong kjente verktøy. Eg har prøvd å overføre deignet til photoshop meg med dårlig resultat. Eg fekk det rett og slett ikkje til. Å bruke mykje tid på dette er ikkje noko eg kan prioritere. Eg må prioritere designet og ikkje det tekniske. Designet og profilen er fortsatt under utvikling og for å ha oppdatert design på web, må eg ha moglegheit til å bruke InDesign. Eg er no på leiting etter ei løysing på dette. Korleis formidle designet og funksjonane på nettsida når eg berre har moglegheit til å bruke InDesing? Korleis få det til å sjå bra ut på ein presentasjon?
Abonner på:
Innlegg (Atom)