torsdag 5. mars 2009

Strategi og prosjektrapport

Eg fekk denne veka tilbakemelding på designstrategi og hovedsaklig posjektrapport (prosess). Her var ein del som kunne rettast på, og eg hadde skrive mykje i designstrategien som skulle gå innunder prosjektrapporten. Eg jobbar no med dette, og "strevar" mest me korleis eg skal strukturere rapporten. Eg skal skrive om utvikling av flatene og den visuelle profilen og eg er usikker på kva som skal kome først. I problemstillinga nevnet eg flater til slutt, i måla for prosjektet nevner eg også visuell profil før flatene.. og derfor er det ein ide å starte med den visuelle profilen og etterpå snakke om flatene. Men når eg skrive dette føles det litt bakvendt, sida eg faktisk starta prosessen med å finne flater å jobbe på. Eg jobba ut forslag på flater først, slik eg hadde fastare rammer for skissing og utprøving i forhold til den visuelle profilen. På den måten er det prosessmessig lettast å snakke om flatene først. Desse prosessane har etterkvart våre paralelle prosessar men eg ser det som fordel å skilje dei for å lage prosessen meir oversiktig for lesaren. Er det nokon som har forslag til dette?

Ingen kommentarer: