fredag 6. mars 2009

Strukturering av tekst og litt til

Eg har no levert inn strategi/prosjektrapport for gjennomlesing. Eg må nok endå gjer ein del omstrukturering, men eg har gjort store forandringar frå forge utkast. Eg synes eg overforklarar og kanskje ikkje alltid finn dei rette orda. Det er ein ballanse rundt å ikkje repetere seg sjøl samtidig som ein må være tydlig på kva ein refererer til. No har eg iallfall "skrive meg ut" og forhåpentleg vil eg få tilbakemelding på korleis eg kan strukturere det betre. I helga blir der meir fokus på det visuelle og web. Etter veiledning angåande web, som eg hadde onsdag, skal eg no bland anna jobbe med å lage layouten mindre luftig.

Ingen kommentarer: