onsdag 4. mars 2009
Mønster
I prosessen med å lage profilen og formidle den gjennom dei flatene eg har valgt, synes eg at noko mangla i profilen. Noko meir konkret gjennomgangselement. Ved å lage webside, magasin, plakat, folder med kalender + visuttkort/brev/konvolutt merka eg kor forskjellige hensyn ein må ta til kvar av dei. Det kan lett bli sprikande. Etter å ha skisse og leita har eg kome fram til at eg treng eit flatemønster. Dette mønstereet kan eg la gå igjen på dei forskjellige flatene etter behov og på den måten skape ei heilheit. Hovedfargen på profilen er lilla. Dei sesongbaserte sakene (Magasin og poster) har eg gitt eigne fargar for å tydlegare vise at det har kome ut nytt. Eg synes den ideen fungerer fint, men profilen blei då litt meir utydelig. Eg velg å kalle den mangfoldig :) Men dette gir iallfall behov for å lage eit flatemønster som kan sy sakene samen. Dette har eg skissa på, men har ikkje det ferdig endå. Eg satsar på å få det klart i helga.
Abonner på:
Legg inn kommentarer (Atom)
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar