fredag 5. september 2008

Litt om utgangspunktet for prosjektet

Bakgrunn:
Eg flytta til Bergen for å studere for sju år sidan. I løpet av desse åra har det oppstått fleire situasjonar der eg har både fortalt om, tenkt på og reflektert over den staden eg har vakse opp på. På denne måten har eg blitt meir bevisst på kva rolle identiteten til ein stad kan spele for omverda og for dei som bur der. Eg har vakse opp i industribyen Ulsteinvik på Sunnmørskysten. Interessa for stadsprofilering og design i ein byutviklingsprosess har gradvis auka dei siste fire åra. Det har dukka opp fleire byutviklingsprosjekt og bøker om temaet og samtidig har eg våre vitne til at min barndoms heimstad, Ulsteinvik, har hatt ei stor utvikling. Staden er ikkje den same som eg i 2001 flytta frå. Kombinasjonen av å no sjå staden frå utsida, at eg har vakse opp der og at den har endra seg dette tiåret, laga ei ramme eg synes var interessant for mitt masterprosjekt innen visuell kommunikasjon.

Introduksjon:
Kva faktorar spelar inn på kvar vi vil jobbe og etablere oss? Konkuransedyktighet og kampen om arbeidstakarane har blitt viktigare, noko som gjeld i både små stadar og større byar. Ein stad skal gjerne vere attraktiv for mange målgrupper, som til dømes innbyggarar, nye potensielle innbyggarar, turistar og næringsliv. Vi flyttar meir på oss og skiftar hyppigare jobb, og ofte spelar stadskvalitetar ei sterkare rolle no enn før, når ein ser seg om etter jobb og etableringstad. I mange kommunar og regionar foregår det imagebygging- og ombygging, enten det er bevisste og planlagte endringsprosessar, eller det er bieffektar av andre prosessar i lokalsamfunnet. Med så mange forskjellige fokusområder kan det være vanskelig å finne ut kva løysingar som kan gagne ein stad.


Problemstilling:
“Kan eg gjennom ein visuell profil som er basert på Ulsteinvik sin eigenart, forsterke den lokale identiteten og bevisstgjere innbyggarar på Ulsteinvik sine kvalitetar? Og kva kanalar/flater kan eg etablere for å oppnå dette?”

Mi rolle i prosjektet
Byutvikling er ein prosess, ofte er det ei gruppe aktørar som jobbar for å påvirke endå fleire aktørar og enkeltpersonar. Ein er ute etter ringvirkningar i både bostedskvaliteter og næringsmiliø. For at ein slik prosess skal kunne oppnå best mulig resultat må må denne gruppa ha varierte bakgrunnar. Dette kan tildømes være kommuna, næringslivet og personer med spesifik kompetanse som sosiolgi, arkitektur, visuell kommunikasjo blandt fleire. Det er også eit poeng at befolkninga skal ha sjangs til å bli hørt og involvert. Mitt fagfelt er visuell kommunikasjon og er berre ein brikke i ein større utviklingsprosess. Dette har ført til at eg har følt behovet for å snakke med andre aktørar og finne måtar å tilegne meg ein brukbar forståelse og innsikt i dei andre rollene. Sidan eg er aleine om dette prosjektet vil det begrense seg sjøl kor grundig eg kan gå inn i alle delar av ein slik prosess. Eg vil konsentere meg om mitt fagfelt, visuell kommunikasjon. Eg ser på det som mi oppgåve å finne fram til løysingar for eit designkonsept som skal skape ei heilheit, samle og formidle det som er i hensikt i forhold til mål og visjonar i prosjektet.

Kvifor denne bloggen:
Eit masterprosjekt er spennande, utfordrande og lærerikt. Ein må trø inn i nye roller og ha større ansvar. Dette skapar også eit behov og eit ønske å få tilbakemelding og innspel frå andre. Ein blogg er ein fin måte å få dette på.

Ingen kommentarer: