tirsdag 16. september 2008

Undersøking #1

Ulsteinvik sin eigenart... Utfrå problemstillinga mi skal eg lage ei visuell profil som er basert på dette. I City Design kalla
Gulman egenart for "byens sjel". Denne sjela er ein smeltedigel der historie, bygningane, tilboda, dialogen, omdøme og menneska som bur der og har vakse opp der. Intervju med utvalgte innbyggarar er ei ofte brukt metode, det kan være fokusgrupper, representative intervju eller strukturerte enkeltintervju med toneangivande personar med tilknytting til staden. I City Design oppfordrar dei til å intervjue 15-30 personar, men på grunn av tidsbruk og resursar har eg begrensa meg til ni respondantar.

Eg laga ein spøreundersøkelse som tok føre seg byen sin identitet, byrommet sett med innbyggarane sine auge, byen sin profil og dialogen i byen, byen sine tilbod til innbyggarane sett med innbyggarane sine auge og forventningar til byen si utvikling. Intervjua gikk føre seg over mail og telefon. Responsen varierte. Nokon skreiv mykje og personleg, og nokon skreiv generellt og kort. Eg fekk sjølvsagt meir ut av dei mest utfyllande svara og desse svara er også meir interessante og meir motiverande for vidare arbeid. Resultate av desse intervjua kjem eg straks tilbake til. Svara er anonyme, men liste over deltakarar blir publisert.

Ingen kommentarer: