Tidlig i masterprosjektet hadde vi eit kurs i typografi vedAndrea Tinnes. På dette kurset fekk vi utdelt individuelle oppgåver som ho hadde laga til oss utifrå våre eigne problemstillingar. På to veker skulle eg lage ein profil for ein musikkfestival for samtidsmusikk som skulle gå føre seg i Ulsteinvik. Navnet på festivalen skulle være "FUSE". Først leverte eg ein skriftleg del der eg greia ut for idéen rundt festivalen og kva som skulle gå føre seg og vidare utforma eg den visuelle profilen. Her er eit lite utdrag av prosessen fra skisser til ferdig profil.
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar